< Tilbake

Norsk Bremuseum Fjærland

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er eit interaktivt museum for heile familien som gir deg kunnskap om brear og klima på ein ny og spennande måte.

Føremålet med Norsk Bremuseum er å samle, skape og spreie kunnskap om brear og klima. Stiftinga si verksemd omfattar naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Bremuseet syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske - gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is. Norsk Bremuseum er for det nyfikne mennesket.

Norsk Bremuseum Fjærland
Klar til brevandring
Bøyabreen, 5 min fra museet

Utstillingene er delt inn i 4 emne med 24 tema og viser blant anna korleis brear blir danna, korleis dei har forma fjordlandskapet, og kvifor breane spelar ei viktig rolle i klimaforskinga. Museet omfattar også Ulltveit-Moe senter for klimaviten. Der blir kunnskap formidla gjennom ei opplevingsreise i tid frå atmosfæren blei til, via siste istid, og fram til år 2100. Museet viser også Ivo Caprino sin panoramafilm frå Jostedalsbreen kvar heile og halve time.

<
>