Uteområdet mellom de gamle bygningene og ned til sjøen er ganske kupert og med grusveier. Gjennom året arrangerer Hordamuseet til mange populære publikumsarrangement. Her kan nemnast forhistoriske dagar med vekt på steinalder, bronsealder og jernalder. Museet er vertskap for den tre dagar lange vikingmarknaden «Bjørgvinmarknaden». På stølsavdelingen til museet på Fanafjellet blir det skipa til «Fanafjellsdag» og på slutten av sommaren er det «Gøy på landet». Oppunder jul blir det god gamaldags julastemning med «Førjulsdag på Hordamuseet» Hordamuseet ligg på Stend, med Fanafjorden som næraste nabo. På området er det tydelege spor etter folk som har levd her i fortida. Gravhaugar, ein stor steinsirkel, og eit 34 meter langt naust frå romartida, er sterke uttrykk for maktkonsentrasjon og kultisk aktivitet, nesten 2000 år attende.