Kabuso ligg i samme hage som Ingebrigt Vik museum i sentrum av Øystese. Ca. 75 min køyring frå Bergen. Kunsthuset Kabuso såg dagens lys i 2006. Huset er bygd som Hordaland fylke sin tusenårsstad og skal vere ein møteplass for alle – ein stad for dei gode kunstopplevingane. I Kabuso sitt tilbod finn ein og det permanente kunstverket Hardanger Skyspace og skulpturmuseet Ingebrigt Vik museum frå 1934.
Kabuso er eit aktivt hus med program heile året. Konsertar, omvisingar og eit eige barneprogram er mellom det ein kan oppleva. Du kan og besøka kafeen og gåvebutikken vår som held ope i Kabuso sine opningstider. Kabuso kan og leigast for private arrangement.