Formålet er å
• formidle kunnskap om livet til villaksen, utfordringar og trugsmål
• bidra til bevaring og berekraftig utnytting av villaksstammene og deira leveområde
Villaks, betyr i denne samanhengen atlantisk villaks, sjøaure, sjørøye, namsblank og byglandsbleke.
Rolla er å vere ein kunnskapsformidlar i skjeringspunktet mellom forsking og forvaltning, ei kjelde til kunnskap, eit senter for læring og kompetanseutvikling og ein arena for dialog og samhandling.
Hovudoppgåva er å legge til rette og formidle relevant kunnskap om villaksen. Formidling og opplæring skal tilpassast ulike målgrupper. Barn og unge er ei særleg viktig målgruppe.
Stiftelsen er landsdekkande med einingar i kommunane Lyngdal, Lærdal, Namsos og Tana.
Norsk Villakssenter ligg inst i Sognefjorden på breidda av Lærdalselvi, ei av dei mest kjende lakseelvane i Norge. Senteret gjev dei besøkande innsyn i livshistoria til Atlanterhavslaksen, forvaltinga av dei ville laksestammane og tradisjonane kring laksefisket.
Komme til Lærdal med eigen bil:
E16 er stamvegen mellom Oslo og Bergen. Fra Bergen er hovedruta E16. Ca. 200 km.